Nettbuss Travel AS

Nettbuss Travel AS er Skandinavias største ekspressbussaktør med produkta TIMEkspressen og Nettbuss express. Kvart år køyrer Nettbuss Travel AS ca. 4 millionar fornøgde bussgjester fordelt på 12 linjer som dekkjer hele Sør-Norge, og med samband til Sverige og Danmark. Med våre 120 busser betener me over 1300 haldeplassar, og me jobbar kvar dag for å gjera våre kundar si reise til ei positiv oppleving. Nettbuss er ein del av NSB-konsernet.

Avdeling Sogn som denne stillinga vil ligge under, køyrer ekspressbussruter for Nettbuss express som er Sognebussen, Fjordekspressen og Sogn og Fjordane Ekspressen. Me køyrer også Valdresekspressen i samarbeid med Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB). Denne stillinga vil i hovudsak vere køyring av Valdresekspressen. Det kan det også verta anna ekspresskøyring i periodar. Stasjoneringsstad er Årdal.

Me søkjer etter sjåfør med fylgjande kvalifikasjonar:

Førarkort for buss klasse D med yrkessjåførbevis og køyresetel

Erfaring frå transportnæringa i Noreg, fortrinnsvis busskøyring

Søkjar må:

Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Beherske engelsk munnleg

Ha gode samarbeidsevner og evne til å takle utfordringar som oppstår

Arbeide sjølvstendig

Være ansvarsbevisst, påliteleg og har god køyrestil

Me kan tilby:

Løn og arbeidsforhold i samsvar med tariff (Bussbransjeavtale)

Forsikrings- og pensjonsordning

Bedriftshelseteneste

Ordna arbeidsforhold og godt arbeidsmiljø




Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Snarlig
Lønn etter tariff
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Årdal
Fylke Sogn og Fjordane
Land Norge
Referansenummer 2017/65
Kontakt
  • Vivian Hilleren, avdelingsleder, 906 59 727
Publisert 08.08.2017
Søknadsfrist 31.08.2017

Tilbake til ledige stillinger